Filmamasoner

Blå er den varmeste fargen (2013)

Blotta for klisjear, søtladen musikk og sminke skildra Blå er den varmeste fargen (2013) den første store kjærleiken og seksuelle oppvakinga, vakker og vond på same tid. Eg kan ikkje hugse å ha sett nokon gjer det betre på film.

Blå er den varmeste fargen har allereie før kinopremieren fått stor merksemd. Ikkje ufortent kåra juryformann Steven Spielberg filmen til vinnar Gullpalmen i Cannes tidlegare i år. At prisen vart delt mellom regissør Abdellatif Kechiche og skodespelarane Adèle Exarchopoulos og Léa Seydoux seier sitt om rolleprestasjonane. Likevel har snakkisen for det meste handla om dei langdryge og utleverande sexscenane mellom dei to hovudrolleinnehavarane Adèle Exarchopoulos og Léa Seydoux. Filmen kjem utan tvil til å trekke eit stort skeivt publikum, det går nemlig langt mellom homofilmar av dette kaliberet. Likevel kan ein gledeleg konstantere at den føyer seg inn i ei stadig lengre rekke over kvalitetsfilmar med skeivt innhald som dei siste åra tydeleg har treft eit heterofilt publikum. Boys Don’t Cry (1999), Brokeback Mountain (2005) og Weekend (2011) er eksempler på dette.

Kontroversiell sex 

At skodespelarane i all offentlegheit har teke avstand frå sex-scenane og stilt seg kritiske til regissør Abdellatif Kechiche sine metodar for å fange dette på film, gjer det vanskeligare å ta stilling til akkurat desse scenane. Hadde filmen vore like bra utan tette bilete av naken hud, utan slikkinga, klapsinga, klininga og knullinga? Svaret er, under tvil, ja. Filmen hadde nok likefullt gjort sterkt inntrykk, men samstundes er desse tinga svært sentrale for handlinga. På same måte som alle andre tema i filmen, framstår sex-scenane som ærlige og autentiske. Dei er visstnok gjort utan koreografi og skodespelarane måtte sjølv kome fram til korleis dette skulle utspele seg. Personleg tykkjer eg desse scenane høyrer heime og at dei er sjeldant bra gjort.

Frå ungdom til vaksen

I Blå er den varmeste fargen følgjer me utviklinga til Adele (Adèle Exarchopoulos) frå dei tidlige åra på vidaregåande og ut i dei første åra i arbeidslivet. Sentral i Adele sitt liv i denne perioden er den blåhåra kunstnaren Emma (Léa Seydoux).

I byrjinga av filmen møter me Adele som ein litteraturinteressert elev på vidaregåande. Ho er ei populær jente og i friminutta snakkar jentegjengen som besatt om gutar og sex. Fleire jenter påpeiker at ein av dei kjekkaste gutane på skulen er interessert i Adele. Dei innleier eit forhold, men Adele vart snart tynga av tanken om at ho ikkje føler det ho burde føle for den tilsynelatande perfekte kjærasten.

Eit blikk i eit gatekryss startar den intense romansen mellom Adele og Emma, to unge kvinner med to svært forskjellige utgangspunkt. Adele kjem frå ein typisk middelklassefamilie der kvinner gifter seg med menn, mannen står for den økonomiske tryggleika og det å velje tradisjonelt i livet er den opplagde vegen å gå. Emma, derimot, kjem frå ein akademikarheim, ein særs open ein der kunst og kultur vart opphøgd og det småborgarlege vart sett ned på.

Spagetti og østers

Når Adele tek med seg Emma heim på middag og overnatting under påskot av at Emma er ei venninne som skal hjelpe henne med filosofi-leksa står spagetti på menyen. Samtalen rundt bordet røper snart at Adeles foreldre har store fordomar mot kunstnarar og det utradisjonelle. Kontrasten til spagettimåltidet er påfallande når det er Emma si mor og stefar som inviterar til middag. Adele vart med største sjølvfølge teken i mot som den nye kjærasten til Emma og her vart dei servert levande østers med nøye utvald vin. Samtalen står til den kunst-dekorerte heimen.

9021000

Kvardagssituasjonar som måltider, samankomster, jobb og sex er sentrale då dei skildrar standpunkt, ideal, verdiar og intimitet eller mangel på intimitet. Det er i dei kvardagslege syslene regissør Abdellatif Kechiche viser oss harmoni i det eine augneblinket og dysfunksjon og frustrasjon i det neste. Det vart aldri keisamt og kvar sekvens føles viktig. Her er Kechiche sin styrke som regissør. Uanstrengt hoppar han fram i tid som det passar, plutselig er me eit år fram i tid og får sjå ein heil dag i livet til Adele i situasjonar som er vesentleg og driv historia framover.

Skakk maktbalanse

Makta mellom Adele og Emma er tydeleg i ubalanse frå første stund. Emma er nokre år eldre, studerar kunst og har lang fartstid i det lesbiske utelivet. Likevel er det noko ved den nyfikne og uerfarne Adele som tiltrekk Emma og den seksuelle energien mellom dei to er frå første stund eksplosiv. Diverre er ikkje dette åleine nok til å halde eit forhold flytande over tid, og det er tidvis vondt å følgje utviklinga. Adele er utilpass i Emmas intellektuelle og verdsvante vennegjeng, men er samstundes fascinert og ønskjer å gjere inntrykk. Emma på si side føler ikkje at Adele utnytter sitt fulle potensiale når ho vel å bli lærar på minstetrinnet. Deira vidt forskjellige utgangspunkt og forventningar byr på utfordringar mange kan kjenne igjen i eigne liv. Fortviling går etter kvart over i desperasjon for Adele. Det er her filmen er på sitt beste. Ein er makteslause tilskodarar når det vart gjort dumme og destruktive val og patetiske forsøk på å rette dei opp att.

Imponerande spelt

Adèle Exarchopoulos og Léa Seydoux leverar heilt enkelt fantastiske prestasjonar 179 minutt til endes. Dette klarar dei i ultranære bilete utan finfjamsne filter og fiolinmusikk. Kvar einaste litle drag i andleta vart fanga og intensiteten held seg frå byrjing til slutt. Mest inntrykk gjer den unge og relativt uerfarne Adèle Exarchopoulos. Ho ber heile filmen og er så ekstremt til stades i det ho gjer at ein blir berre mektig imponert. Filmen heng med deg lenge etter at skjermen har gått i svart.

Liker du denne artikkelen? Del den da vel!

Om Skribenten

Olga Gøril Vik er utdannet innen filmteori og journalistikk. Hun har de siste ti årene jobbet som filmarbeider på spillefilmer som "Den brysomme mannen" av Jens Lien, "Engelen" av Margreth Olin og "Victoria" av Torun Lian. Har en forkjærlighet for indie- og dokumentarfilm.

Legg igjen en kommentar